Logo
Toppmidt Snirkel
  Til forsida arrow Bygningshistorisk park
     
Til forsida
Oversikt - alle kurs
Hjerleid
Hjerleid skole- og hs.
Senter for bygdekultur
Handverksskolen
Smedutdanning
Overnatting/servering
Internasjonalisering
Treskjerarverkstaden
Produkter
Bygningsvern/næmingar
English
Deutsch
Hjerleidseminaret 09
Nordisk Treseminar
Treskjærere hedret på Hjerleid
Historie og visjon
Hjerleidutstillinga
Fjellbygda Dovre
Bygningshistorisk park
     
Hvor er Hjerleid?
Ansatte
Kontakt oss
     
     
 
Bygningshistorisk park

bygningshistorisk.jpg Bygningshistorisk park på Dovre er ein varig plass for formidling av handverkskunnskap. Byggverk frå dokumentasjonsarbeid blir ferdigstilte med sikte på at dei skal tene pedagogiske føremål. Praktisk kunnskap om byggjeskikken vår, og til ulike tider, er vilkår for eit antikvarisk fullverdig bygningsvern.

Opningstider og arrangement:
Omvisning mandag, onsdag og lørdag fra 13.juli til 8. august.Tider:

Mandag: kl 16 - 20

Onsdag: kl 16 - 20

Lørdag: kl 12 - 16

Kontakt gjerne omviser på tlf 97 62 28 01, så setter han på kaffen!

Parken står open for alle til kvar tid. Arrangement med tjørebrenning, demonstrasjon av oppgangssag og andre aktivitetar blir annonsert spesielt.

Kunnskap om
restaurering, rehabilitering og vedlikehald
Vi ser difor på Bygningshistorisk park som eit viktig virkemiddel i det å byggje opp kompetanse i og forståing for kyndig restaurering, rehabilitering og vedlikehald av verneverdige byggverk. Første fase av arbeidet dreiar seg om å vinne kunnskap. Andre fase dreiar seg om formidling. Grensene mellom dei to er ikkje skarpe.
Ein del av det du kan sjå i parken:

Oppgangssag (rekonstruksjon ferdig i 1994) fra 1700-tallet og som var i bruk til på slutten av 1800 talet. Saga blir brukt til opplæring og demonstrasjon i sommarhalvåret.

Tømmerstue (veslestugu) som stort sett er bygd av sliptømmer. Huset blir brukt som klasserom, kvilebu og ”møteplass”. Huset er bygd av elevar frå Hjerleid v.g. skule, Dovre.

Utedo i stav/laft-konstruksjon med fleire spennande byggjetekniske detaljar og materialbruk. Dette huset er også bygd av elevar frå Hjerleid v.g. skule, Dovre.

Vesleburet er ein ”kopi” av eit mellomalderhus frå Telemark. Huset er avsluttande oppgåve for handeverksstipendiat Hans Marumsrud (1995-98). Materialkvaliteten, stokkformene og laftet er etter mønster frå mellomalderen. Det same er arbeidsmåten. Alt tømmeret er øksa for hand og sletta med reiskap som var i bruk i mellomalderen.

Tjøremile som blir brukt til å produsere milebrent tjøre og for å ta vare på kunnskapen og tradisjonen om dette handverket. Det blir som regel brent mile kvart år, her er det mogleg å vera med for å lære. Skoleklasser blir spesielt invitert til å vera med på delar av prosessen.

Låvebygning. Her kan du sjå seks forskjellige måtar å byggje stavreiste hus på frå seks ulike delar av landet. Låven er gjennomført som eit dokumentasjonsprosjekt, der  tradisjonsberarar overfører kunnskapen til nye tradisjonsberarar. Dei seks seksjonane syner prinsipp for stavreising frå: Hedmark (sveitserrøste), Hadeland (fotingsrøste), Sunnmøre (grindhus), Romsdal (bukkehus), Nordmøre (stavline) og Trøndelag (sperreverk). Veggar og tak reflekterer fleire måtar for tekking og kleding av uthus. Alle byggjemåtane tek utgangspunkt i dokumenterte handverkstradisjonar i samsvar med Norsk Handverksutvikling sine prinsipp for slik dokumentasjon.

I området finn du også ei kvern, tørrstugu og smie. Kverna blir brukt ved enkelte arrangement. I tillegg har vi i samarbeid med Norsk inst. for skogforsk. arbeidd med skogforsøk sidan først på 90-talet.

Norsk Handverksutvikling ein sentral samarbeidspart
Ideen med parken kom fram alt i 1989. Norsk Handverksutvikling (NHU) starta då opp arbeidet med ein byggjefagleg dokumentasjon av handverkskunnskap over heile landet. NHU har vore ein sentral samarbeidspart i oppbygging av parken.
 
 
     
 

Senter for bygdekultur
Stiftelsen Handverksskolen
Hjerleid, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

 
AKTUELT
 
 
     
Nord-Gudbrandsdal vgs.
Dovre kommune
Norsk Kulturarv
Norsk HÃ¥ndverksutvikling
Norges Husflidslag
Folkekulturforbundet
Lesja kommune
Museet i Nord-Gudbrandsdalen
Ares treskjærerblogg fra Dovre
Ingrids treskjærerblogg fra Dovre
Verkstedbloggen
Jon Ole i England
Trollfilm