|
Bygningsvern - prosjekt næmingar. Nye næminger er i full gang!s! |
|
Prosjekt næmingar dreiar seg om opplæring og vidareføring av tradisjon for lokal byggjeskikk. I denne omgangen er det tømrarfaget det gjeld. Prinsippa kan likevel overførast til eitkvart slags handverk og i vid tyding.
Utvikle nye tradisjonsberarar
Hovudpoenget er at dei eldre tradisjonsberarane for lokal byggjeskikk definitivt er på veg bort frå oss. For at god innsikt i og trening når det gjeld utøving av den karakteristiske måten å byggje på i dei ulike delane av landet vårt skal leve vidare og vera tilgjengeleg for restaurering og nyskaping på tradisjonen sin grunn, lyt vi utvikle nye tradisjonsberarar.
Kva er "næmingar"?
Når vi har kalla dei som skal inn i denne læresituasjonen for næmingar har det bakgrunn i at opplegget skil seg frå andre vanlege opplegg. Dei lærande er ikkje elevar i skole. Dei er ikkje lærlingar i samsvar med lov om opplæring i arbeidslivet. Dei er ikkje studentar ved høgre lærestad. Dei er ikkje stipendiatar som har fått pengar til eit etter måten fritt studieopplegg. Vi har valt ordet næming av di det rett og slett tyder ein som har att mykje å lære samstundes som ordet hittil ikkje har vore knytt til ein viss læresituasjon.
Skal vere fagleg solide og gode til å lære frå seg
Næmingane skal i laupet av ei periode på tre år spesialisere seg lokalt og smalt og med vekt på eitt av tre tema; reiste konstruksjonar, liggjande konstruksjonar eller tekking og kleding. Med lokalt forstår vi i utgangspunktet eit fylke, men også gjerne eit område med stort fellesskap i byggjeskikk (som til dømes Trøndelagsfylka). Dei utplukka næmingane er unge menneske som vil lære og som vi dertil vurderer som smittsame, at dei er opne og omgjengelege. Dei bør ha personlege eigenskapar som gjer at vi trur dei vil festne seg som fagleg solide og gode til å lære frå seg.
Krav til formell bakgrunn for næmingane
Som formell bakgrunn krev vi sveinebrev eller tilsvarande og dertil minst fem års praksis i faget. Vi trur helst at interessa og føresetnadene elles er det avgjerande.
Ni næmingar som avsluttar opplæringa i 2010, og seks nye som begynte januar 2010!Seks næmingar er tilsette i Møre og Romsdal, seks i Oppland og tre i Trøndelagsfylka. Dei får full løn som tømrarar i opplæringstida.
Det praktiske opplegget
Det praktiske opplegget vil variere mellom ordinært betalte oppdrag, kurs, samlingar og personleg trening. Det er viktig at alle delar av opplegget representerer ein god læresituasjon.
Finansielt ansvar: Opplæringa er eit "spleiselag" mellom Innovasjon Norge, Riksantikvarens verdiskapningsmidlar og Fylkeskommunas Partnerskapsmidlar.
Vi føreset ca 60 % inntening i høve brutto kostnader med opplegget. Ein viktig del av innteninga vil vi i Oppland og Møre og Romsdal få gjennom verdiskapingsprogrammet som til dels også yter monalege delar av tilskottet til ordninga. I Trøndelag vil musea spela ei sentral rolle.
Fagleg ansvar
Det faglege ansvaret for dei ni næmingane som hittil har starta opp har Steinar Moldal ved Dovre Handverksenter as på Dovre og Jon Bojer Godal ved avdeling Husasnotra, Geitbåtmuseet i Halsa, Møre og Romsdal.
|