Akantuskurs med fokus på tegning

Studieplan 

Kurset gjer ei innføring i treskjering, akantus og har hovedfokus på teikning av akantus

 

I laupet av dette kurset får du ei kort innføring i treskjering, du må øve vidare for å meistre kunsten og halde han ved like.

 

Målsetting med kursa

Å gje ein innføring i treskjerar-teknikken samt å tekne eiga emne.

 

Nivå

Kurset er eigna dei som er litt øvde, men òg for nybyrjarar.

 

Læremidlar

Du treng ikkje nokre læremiddel. De får låne treskjerarjern og evt anna de treng til kurset. Johan Amruds bok «Treskjæring» er ein god bok for dei som vil ha tilgang på fleire mønster.

 

Innhald

Innføring i teikning av akantus samt treskjerarteknikkar, fullføre eit produkt. Dykk får emne til ei fjøl, og kan kjøpe eit emne til om de ynskjer det.

 

Undervisningsmetode

Vi har fåe deltakarar på kurset, maks 8, dette gjer at kvar enkelt deltakar får god oppfølging gjennom heile dagen og at alle får god tid til å øve seg sjølve.

 

Timetal

Kurset er på 45 skoletimar med instruktør under heile kurset.

 

Instruktør

Instruktør på kurset har lang erfaring frå å drive opplæring i treskjering og arbeider som faglærar hjå Handverksskolen: Even Nævdal Hansen

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID