Bygningshistorisk park

Bygningshistorisk park er eit viktig virkemiddel i å byggje opp kompetanse i og forståing for kyndig restaurering, rehabilitering og vedlikehald av verneverdige byggverk. Parken består av 12 bygg frå forskjellige tidsepokar. Bygningshistorisk park blir nytta til opplæring, kurs og er ein arena Hjerleid nyttar for å vise mangfaldet i historiske bygningsteknikkar. Norsk Handverksinstitutt har vore ein sentral samarbeidspart i oppbygging av parken.
 

Parken står open for alle til ei kvar tid. Parken er eit populært turmål for familiar og barnehagar, og er brukt til skuleavslutningar. Det er vatn i bekken og bålplass, så det er berre å sette på kaffien! Vi oppmodar alle besøkjande til å ta en titt i postkassa som står utanfor Veslestugu i parken, der det ligg brosjyrar og ei gjestebok.

 

Sjå video frå da låven vart byggja her.

Ein del av det du kan sjå i parken:

Oppgangssag frå 1700-talet. Saga blir brukt til opplæring og demonstrasjon i sommarhalvåret.


Tømmerstue (veslestugu) som stort sett er bygd av sliptømmer.


Utedo i stav/laft-konstruksjon.


Vesleburet er ein ”kopi” av eit mellomalderhus frå Telemark. Alt tømmeret er øksa for hand og sletta med reiskap som var i bruk i mellomalderen.


Tjæremile som blir brukt til å produsere milebrent tjære. Det blir som regel brent mile kvart år, her er det mogleg å vera med for å lære.


Låvebygning der du kan sjå seks ulike måtar å byggje stavreiste hus på frå seks ulike delar av landet. 

 

Steinhus som er bygd av Dovre-stein, og mura opp utan bindemiddel.

I området finn du og ei kvern, tørrstugu og ei smie.

 

Plassering:

4 km sør for Dovre sentrum. Skiltet avkøyring frå E6.
 

Opningstider og arrangement:
Ta kontakt med Hjerleid for omvising eller leige av Bygningsparken.

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID