Treskjæring

Studieplan for kurset

Start: mandag kl. 8:00

Slutt: lørdag kl. 12:00

Nivå

Kursa er både for nybyrjarar og for dei som har skore litt før.

 

Målsetting og innhald

Målet er å gje ei innføring i treskjerarhandverket. Treskjerarkurset legg vekt på materialkunnskapar, verktystell/sliping, praktisk treskjering og litt generelt om stillære.

 

Læremiddel

Instruktørane utarbeider teikningar, modellar og ferdig emne til kvart kurs. Ønskjer du noko spesielt, så kontakt oss i god tid så vi kan lage ferdig emne til deg.

 

Undervisningsmetode

Vi har 7-8 deltakarar på kvart kurs slik at instruktøren  får jobbe med kvar deltakar fleire gonger for dagen.

 

Instruktør

Instruktørane på kursa har lang erfaring og/eller sveinebrev i faget, og dei har hatt fleire kurs for ulike grupper.

 

Ta med:

  • Eigne treskjerarjernom du har. Vi har treskjerarjern til utlån for alle deltakarane.

  • Gjerne blyant, viskelær og passar om du har.

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID