Aktivitetar under kursa

Når du er på kurs legger vi til rette for felles aktivitetar  og utfluktar på ettermiddagane om det er ynskje om det. Spesielt på sommarhalvåret er det lagt til rette for opplevingar utanom det vanlege. Gå inn på heimesida til Nasjonalparkriket for å sjå kva som skjer i området den perioda du er her eller ta ein titt på lista nedanfor.

Foto: Roger Brendhagen/Nasjonalparkriket

Foto: Visit Norway

Foto: Visit Norway

Ting å gjere

 

Snøhetta viewpoint (bilda over)

Ein liten tur på omlag 30-40 minutt frå parkeringsplass på Hjerkinn. Lett terreng og eit flott mål for turen! Når ein allereie er på Hjerkinn kan det være verdt å ta turen innom den flotte Eysteinkyrkja og Besøksenter Villrein.

Moskussafari

Ynskjer du å oppleve den flotte moskusen? Fleire tilbyr moskussafari på Dovrefjell. Vi kan avtale guida tur med ein guide eller du kan oppsøke ein gruppeguiding på eiga hand. 

Elgsafari

Alle har vel sett ein elg, men alltid blir vi like begeistra av å sjå det majestetiske dyret. På Dombås kan du bli med på Elgsafari i perioden 15.juni-15. september. 

Kristinspelet 

Juni/Juli spelast Kristinspelet på Jørundgard. Det er eit friluftsspel som skildrar fortellinga om Kristin Lavransdatter basert på Sigrid Undsets roman. Om du er på kurs her den perioden er det moglegheit for å oppleve. om fleire er interessert kan vi arrangere samkjøring.

 

Bygningshistorisk park

Hjerleid har ein heilt eigen Bygningshistorisk park. Den er open heile året heile døgnet. Det er forbud med åpen flamme med unntak av ved bålplassen. Der kan både grille og lage bålkaffi mens du nyter synet av nye bygningar tufta på gammal tradisjonshandverk.

 

Turmoglegheiter

Hjerleid er i eit område med flott natur og mange turmoglegheiter - sommar som vinter. Her kan du gå på ski i Grimsdalen når du er på vinterkurs eller du kan gå på ettermiddagstur langs Gudbrandsdalslågen på sommaren. På Dovre og i nabokommunane er det òg laga til mange gode sykkelstiar. Sjå kart på www.ut.no for turtips.

 

Om du ynskjer kan du forlenge opphaldet ditt her på Hjerleid etter at kurset ditt er avslutta for å oppleve meir av området.

Foto: Erik Berg-Johansen/Sel Teaterlag 

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID