Kursinformasjon

Innkvartering, overnatting og servering

Under kursa tilbyr vi servering til kursdeltakarar. Heile året er det mogleg å overnatte, men internatet er spesielt tiltenkt kursdeltakarar. Internatet har enkel, men fin standard med kjøkken og felles bad. Romma har seng, skrivebord eller bord og ein godstol eller sofa. Dei er ikkje utstyrt med servant, det finn du på felles-badet. Kjøkkenet står fritt til disposisjon, spesielt for dei som ikkje bestiller servering. Under kursa på sommaren har vi og små leilegheiter til utleie mot eit lite tillegg i prisen. Her er det plass til to, maks tre personar. Her har du eit lite eiget bad og ein kjøkenkrok. Leilegheitane er kun tilgjengelege på sommaren.

Overnatting på Hjerleid.

Priser pr. natt:

 

390,-  enkeltrom

600,-  dobbeltrom

50,- pr hund

100,-  campingvogn/bobil

500,- for en person i leilighet

750,- for to personer i leiliget

950,- for tre personer i leilighet

 

Leilighet kun tilgjengeleg på sommeren.

Måltider på Hjerleid

Priser pr. måltid:

100,- frukost

120,- formiddagsmat

Ca 200,- for dagens på kafé, inkl dessert og kaffe

Måltider kun tilgjengelig under kurs.

Andre overnattingstilbod i området

Toftemo turiststasjon (2 km fra Hjerleid)

Engelshus gård  (ca 3 km fra Hjerleid) 

Sletten motell (200 meter fra Hjerleid).

 

Avmelding/sjukdomsforfall
Avmelding kan skje inntil seks veker før kursstart, da vil du få eit gebyr på 600,- . Melder du deg av seinare enn seks veker før kursstart vil du bli fakturert halve kurs-prisen. Dersom du legg fram sjukemelding/ legeerklæring vil du ikkje bli fakturert. Det er viktig at vi får avmelding så tidlig som mogleg slik at vi kan tilby plassen til andre.

Vi gjer merksam på:

Vi krev at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør. Kvar enkelt deltakar må sjølv sørge om å vera forsikra.

Les mer om:

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID