Laftekurs - vidarekomne

Studieplan laftekurs

To veker med lafting for vidarekomne

du kan òg delta ein av dei to vekene.

 

Det gjeld lafting på demonstarsjonsHUSET på Dovre. På det legg vi inn mange slags laft og mykja anna som  høyrer det lafta huset til.

Ulike form på stokkane

På samlinga vil vi det bli høve til å prøve fleire slags teknikkar. 

  • Lafte med grove halvkløyvingar, rundtømmer og sidehogge tømmer.

  • Ulike slags halsingar, halsar og kinningar.

  • Ein vegg skal vegge ut.

 

Det vil bli lagt opp for ulike avstivingar av veggar:

  • Ulike slags beitskier

        blindbeitski

        T-beitski

        stokkbeitski

        stolpebeitski

  • Sleppvegg, "sett i stav" og ein i "dverg".

  • Reksponer

  • Opplengjarar med beitingar

  • Gjennomtredde bjelkar med nåler.

  • Ulike slags dømlingar

 

Storsamling

Dette kurset kan gjerne fungere som ei storsamling. Huset har i alt 12 hjørna, Såleis er det plass til 12 som laftar, og det er plass til det halve som klargjer stokkane. Såleis ser vi fram til 18 deltakarar.

Økonomi

Sjølve kurset er gratis, men deltakarane lyt halde seg med kost og losji.  Der er det fleire alternativ.

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID