Måling og lasering

Studieplan

Start: mandag kl. 8:00

Slutt: lørdag kl. 12:00

Innleiing – litt historie om faget.

Dekorasjonsmåling/lasering er eit gammalt fag som i si tid var stort og viktig, men har som mange andre små og store handverksfag gått meir eller mindre i gløymeboka. Lasering er ein teknikk innan olje- og temperamåleri som består i at ufortynna og delvis gjennomsiktig fargelag let underfarga skine gjennom. Ved bruk av fleire lag lasurfargar kan ein oppnå ein rik koloristisk transparentverknad.

 

Målsetting med kurset:

Målet er å gje vaksne og ungdom praktiske råd om overflatebehandling som; måling, lasering og fargelegging/forgylling. Det blir elles litt om verkty, midlar og metodar.

 

Nivå:

Kurset er for alle, og det er ikkje noko krav til forkunnskapar, praksis eller liknande.

 

Læremiddel:

Instruktørane legg til kvar tid opp undervisninga etter kva slags gjenstandar som skal overflatebehandlast. Dette er både gjenstandar som har treskurd i seg og andre typar møblar, husflids- og handverksprodukt generelt.

 

Innhald:

Generell innføring i utstyr og hjelpemidlar som; tubefargar, gullbronse, bindemiddel, grunningsolje, lasurolje, fargepigment/sjølvlaga lasur og ”topping”. Ein del av desse metodane blir gjennomgått; forgylling med gullbronse, litt om fargelasering av ornament-fleire fargar, brunlasering av ornament (umbralasur), marmorering på dekkmaling, lasering på dekkmalt flate, forgylling og måling i kombinasjon, patenteringsteknikk med svamp, strukturer med svamp og ”topping” med goldfinger. Metodane blir valt ut etter kva som skal overflatebehandlast.

 

Undervisningsmetode:

Det blir praktisk øving i å overflatebehandle møblar/gjenstandar kursdeltakarane har med seg. Det er maks 8 deltakarar på kvart kurs, dette gjer at kvar enkelt deltakar får god oppfølging gjennom heile kurset.

 

Timetal:

Kurset er på 45 skoletimar med instruktør under heile kurset.

 

Førebuing og utstyr:

Det er ein fordel å behandle gjenstandar du skal måle med ei grunning før kurset startar. Du kan også ta med eigen måling, penslar etc eller kjøpe på kurset. Kontakt oss for meir informasjon om dette.

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID