• Facebook - Black Circle
  • Instagram - Black Circle

Om oss

Hjerleid skole og håndverkssenter er ei samlokalisering for kulturbaserte næringar på Dovre. 
 

Vi tilbyr i dag utdanning som Treskjerar og Smed frå vg2 og heile vegen til sveinebrevet. Vi organiserer og tilbyr eit breitt utval av veke- og helgekurs i teknikkar som mellom anna treskjering, maling, lasering, tredreiing, ikonmaling og verktøysliping

Samlokalisering for skapande næringar
Gjennom å vera ei samlokalisering for skapande verksemder innanfor kultur- og opplevingsnæringane, er Hjerleid ein viktig aktør i regionen. Som del i eit fellesskap, oppnår vi ei rekke fordelar; eit større fagmiljø, utvida marknad, dialog med andre som i neste rekkje kan bidra til nye idear, og ikkje minst kunne dele på kostnadar i samband med produksjonsutstyr o.l.

 

Vi ønskjer å skape eit mangfald av kulturbaserte næringar på Hjerleid. Det skal vera rom for alle som ønskjer og satse på kvalitet i eit kreativt arbeidsmiljø.

Hjerleid har ledige kontorlokale, og vi har verkstadplass til bedrifter som ønskjer å vera en del av miljøet. Ta kontakt ,eller kom på besøk for å sjå moglegheitene som ligg på Hjerleid.

 

Historia om Hjerleid


Hjerleid vart starta i 1886, da husflidsrørsla i Noreg blomstra. Det var ekteparet Haldor og Randine Hjerleid som ga ein større pengesum for å opprette ein ”Håndgjerningsskole for gutter”, slik at bygdas ungdom skulle ha moglegheit til å få ei praktisk utdanning. Skulen var eit framsynt og stort tiltak for ei fattig fjellbygd. For folket på Dovre har skulen vore ein kulturfaktor og ein viktig del av bygdelivet.

Etter starten i 1886 gjekk det ikkje mange år før skulen fekk eit godt rykte ut over kommunegrensene, ikkje minst fordi den kjente treskjeraren Hans L. Lindsø Bergseng i 1903 vart engasjert som lærar. Bergseng fekk si løn frå Kunstindustrimuseet, som forlangte at elevane skulle stille ut arbeida sine ved skuleslutt om våren. Slik vart Hjerleidutstillinga eit faktum, og arrangert for fyrste gong i 1903.

Skulen blomstra utover 1920- og 30-talet, og både elevplassane og lærerstillingane var ettertrakta. I 1939 vart det oppretta ei ny line ved skulen; ei smie- og redskapsavdeling. Husflidsskolen hadde sine toppår på slutten av 1930-talet, med oppimot 70 elevar kvart år. Under andre verdskrig låg undervisninga nede, og skulehusa vart sterkt skadde. Likevel var skulen oppe og gjekk ganske raskt etter krigen. Ei eiga line for treskjering kom i gang frå skuleåret 1956/57.

Det gjekk nesten 70 år før den fyrste kvinna slapp til som elev. Så seint som i 1945 skreiv Milda Ringlund frå Fåvang etter skuleplan, men fekk til svar at skulen var berre for gutar. I 1953 kom Tea Kummen fra Skjåk inn ved snekkeravdelinga som fyrste kvinne, men da kun med hospitantstatus. Frå 1960 har jentene derimot komme sterkare og sterkare.

 

I dag er Hjerleid ei viktig samlokalisering for skapande verksemder innanfor kultur- og opplevingsnæringane i regionen. 

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID