Sveiping

Studieplan for sveipekurs

Informasjon

Sveiping er ein gamal teknikk for å laga boksar og fat.

Det er ein teknikk som treng forholsdsvis lite utstyr og kan godt lagast heime på kjøkkenbenken. 

Kurset tek for seg alt frå skjering av emne, bløytlegging og sveiping rundt mal.  Boksen blir sydd med bjørketeger før me tilpassar boten og lokk. Me avsluttar med litt dekor på lokket. Kolrosing er ein teknikk der ein skjer eit snitt i treet og fyller det med barkepulver. 

 

Kursdeltakarane kan kjøpa med seg emne til fleire boksar. 

 

Målsetting med kurset

Målet er å gje ei innføring i sveipeteknikkenp, slik at ein kan gjere det på eigahand. 

 

Nivå

Kursa er både for nybyrjarar og for dei som har drevet  litt med trearbeid før.

 

Læremiddel

Instruktøren har med seg forslag til mønster, modell og ferdig emne til kurset. Ønskjer du noko spesielt, så kontakt oss i god tid så vi kan lage ferdig emne til deg. Ca 300,- i materialutgifter.

Timetal

Kurset er på 20 skoletimar med instruktør under heile kurset

Ta med: Gjerne blyant, viskelær og passar om du har. Kleder som toler flis og støv.

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID