Verktøysliping

Studieplan

Innleiing – litt info om verktøysliping.

Verktøysliping har i lang tid vore eit fag som har vore nedprioritert. Tidlegare var dette eiga fag særleg innan industrien. Også innan handverksutøving har det vore svært avgjerande at handverkaren kunne stelle verktøyet sitt. ”Skarpt verktøy er halve arbeidet” er vel eit utsegn som mange av oss kjenner godt og kan stadfeste er sant.

 

Kurset er lagt opp med innleiande historikk, mykje øving med vegleiing, og teoribolkar undervegs. Du får rikeleg høve til å stille spørsmål.

 

Alle vil lære mykje nytt fordi vi lærer bort ein ganske ny metode, som er blitt utvikla ved Senter for Bygdekultur. Kurset byggjer på utstyr som er utvikla her.

 

I laupet av kurset skal du lære det grunnleggjande innan verktøysliping, men du må øve vidare for å meistre kunsten og halde han ved like.

 

Målsetting med kursa:

Målet er å gje vaksne og ungdom praktiske råd om verktøysliping.

Kurset tek omsyn til ulike ønske og behov. Du kan ta med alt du måtte ha av skjereverktøy som du ønskjer å få slipt opp – , treskjerarjern, høveltenner, sakser, bor, knivar, økser, sager osv. Du skal lære å slipe dei sjølv, men vi kan hjelpe deg med noe, så langt vi rekk.

 

Nivå:

Kurset er i hovudsak for nybyrjarar og med det ikkje noko krav til forkunnskapar, praksis eller liknande.

 

Læremidlar:

Slipehefte laga av Arne Ørstavik og Torgrim Espolin Johnson blir brukt på slipekurset. Elles går vi inn på sliping av dei fleste verktøytypene som deltakarane har med seg på kurset.

 

Innhald:

Generell innføring i  slipe- og kvesseutstyr og innføring og trening i ulike slipe- og kvesseteknikkar.

 

Undervisningsmetode:

Vi har fåe deltakarar på kurset, maks 10, dette gjer at kvar enkelt deltakar får god oppfølging gjennom heile dagen og at alle får god tid til å øve seg. sjølve.

 

Timetal:

Kurset er på 20 skoletimar med instruktør  under heile kurset.

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID