Vg 2 Design og trearbeid

Hei! Det er skikkelig moro med treskjæring. Hele tiden føler du mestring og nærmer deg målet. Når dagen er over kan du lett se hva du har fått til. Vel vitende kommer smilet lett fram. Nå er jeg gira på å ta svennebrev. Så er drømmen å utforske mer moderne kunstuttrykk. Mulighetene!

Are Weisten Vidvandre,
31 år fra Hønefoss, Buskerud

Last ned søknadsskjema her!

Handverksskolen på Hjerleid er den einaste i landet som tilbyr treskjeraropplæring på vidaregåande skulenivå.

Kva lærar du på Vg2 Design og trearbeid?

Dette er ei linje med hovudvekt på treskjering og å utvikle handverkskompetansen. Undervisninga følgjer læreplanen for Vg2 Design og trearbeid.

 

Læreplan i felles programfag Vg2, programområde for design og trearbeid.

Det blir undervist i:

  • Treskjering (fleire stilartar)

  • Overflatebehandling

  • Ornamentteikning

  • Verktøysliping

  • Maskinlære

  • Materiallære

  • Kunsthistorie

  • Design og produktutvikling

  • Teorifag og allmenne fag er det og tilbod om for de som ønskjer det. 


Yrkesmoglegheiter
Etter Vg2 er det to års læretid før sveinebrevet. Læretida kan gjennomførast i vår lærebedrift. Treskjering er eit kreativt fag som kan vera del av ei kunst- eller formingsutdanning. Det kan også kvalifisere eleven til å bli ein dyktig og allsidig møbelsnekkar, instrumentmakar, konservator eller restaureringsarbeider.

 

Inntakskrav

Treskjering er et Vg2-kurs for elevar med Vg1 i Design og Handverk. Elevar med anna utdanning eller realkompetanse kan og søke, og skulen har godkjenning for å ta inn vaksne. Treskjererutdanninga er eit landsdekkande tilbod. Elevar frå alle fylker og i alle aldrar kan søke. Skulen er og tilrettelagt for fysisk funksjonshemma. Vi har 15 studieplassar. 

Modulbasert undervisning
Opplæringa blir organisert i modular/periodar og kan tilpassast bakgrunnen og behova til den enkelte elev.

Eksamen
Skuleåret blir avslutta med tverrfaglig eksamen i produksjon og produktdesign. Siste helga i skuleåret arrangerer vi den tradisjonelle Hjerleidutstillinga der elevene stiller ut arbeida sine.

Eigen lærebedrift
Senter for bygdekultur har oppretta ei lærebedrift der elevane kan gå to år i lære og seinare gå opp til sveineprøve. Lærlingen teiknar ei lærekontrakt med bedrifta. I løpet av dei to åra får lærlingen vidare undervisning og deltar i produksjon. I perioder blir lærlingen utplassert i andre møbelsnikkar – eller treskjerarbedrifter..

Friskule
Handverksskolen er organisert som ein friskole. Ein friskole får statleg støtte, men elevane må betale kr 2800,- i månaden i skulepengar, samt kr 7-8000,- i året i materiellutgiftar.
Utdanninga gjev rett til lån og stipend hjå Lånekassen.

 

Ofte stilte spørsmål
Kor mykje får eg vera på verkstaden? Det er 35 skuletimar pr. veke.
Kor mange er det i klassa? Det er plass til maksimum 15 elevar på kvar linje.
Kvar kan eg bu? Hyblar og leilegheiter kan leigast rimeleg på skulen og i område rundt skulen.

 

Søknad

Du søker direkte til Handverksskolen på eige søknadsskjema. Skjemaet finn du her. Du kan sende skjemaet til oss i posten til Handverksskolen, Hjerleid, 2662 Dovre eller via e-post:post@hjerleid.no  Søknadsfrist er 1. mars, men vi har fortløpande opptak fram til skulestart, så det er mogleg å søke seinare og.

 

 

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID