Vg2 Overflateteknikk

Foto: Bygg og bevar

Linja har oppstart frå hausten 2019!

Last ned søknadsskjema her!

 

Kva lærer du på vg2 Overflateteknikk?

Å arbeide med tradisjonelle malingstyper, stilarter, både innendørs og utendørs maling. Lage egen maling ut ifra pigmenter, linolje og andre bindemiddel, limfarger, komposisjonsmaling. Fargelære, stilhistorie, dekorasjonsmaling m.m. Etter læretid er det arbeidsoppgaver i kulturminnevernet, museer men også hos private eiere.

 

Skolen har dyktige faglærarar og utstrakt bruk av gjestelærarar, som er utøvande handverkarar frå heile Norden. Det meste av undervisninga er i verkstaden, elevane får øve seg i praktisk arbeid kvar dag. Handverksskolen på Hjerleid er ein skole med lange tradisjonar for godt handverk og med eit unikt fagmiljø, og godt miljø med ungdom og vaksne frå heile landet.

Friskule
Handverksskolen er organisert som ein friskole. Ein friskole får statleg støtte, men elevane må betale kr 2800,- i månaden i skulepengar, samt kr 7-8000,- i året i materiellutgiftar.
Utdanninga gjev rett til lån og stipend hjå Lånekassen.

 

Eksamen
Skuleåret blir avslutta med tverrfaglig eksamen. Oppgåven arbeidar dei med over tid. Siste helga i skuleåret arrangerer vi den tradisjonelle Hjerleidutstillinga der elevene stiller ut arbeida sine.

Ofte stilte spørsmål
Kor mykje får eg vera på verkstaden? Det er 35 skuletimar pr. veke.
Kor mange er det i klassa? Det er plass til maksimum 15 elevar på kvar linje.
Kvar kan eg bu? Hyblar og leilegheiter kan leigast rimeleg på skulen og i område rundt skulen.

 

Søknad

Du søker direkte til Handverksskolen på eige søknadsskjema. Skjemaet finn du her. Du kan sende skjemaet til oss i posten til Handverksskolen, Hjerleid, 2662 Dovre eller via e-post: post@hjerleid.no  Søknadsfrist er 1. mars 2018, men vi har fortløpande opptak fram til skulestart, så det er mogleg å søke seinare og.

Handverksskolen er eigd av to ideelle organisasjonar:

Stiftelsen Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon, og drives som ein friskole, etter godkjend læreplan K-06, med lån og stipend i Lånekassen.

Handverksskolen vidarefører tradisjonskunnskapen frå Noregs eldste handverksskole frå 1886.

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID