Vg2 Smed

Last ned søknadsskjema her!

Kva lærer du på Vg2 smed?

Du lærer å smi, og fleire slags varmebehandling av jern og stål, sveising og dreiing. Du lagar eigne verkty og reiskap som kniv, øks og hammar, hengsel, lås, skulptur, smykke og krokar. Eit år med på smedlinja gir deg eit godt grunnlag i varmebehandling av metall og formgiving, slik at du til dømes kan arbeide med mekaniske fag, i industrien eller som handverkar, kunstnar, lærar eller på museum.

 

Du kan og ta sveinebrev i smedfaget etter 2 år i lære.


Eigen lærebedrift
Senter for bygdekultur har oppretta ei lærebedrift der elevane kan gå to år i lære og seinare gå opp til sveineprøve. Lærlingen teiknar ei lærekontrakt med bedrifta. I løpet av dei to åra får lærlingen vidare undervisning og deltar i produksjon. 


Friskule
Handverksskolen er organisert som ein friskole. Ein friskole får statleg støtte, men elevane må betale kr 2800,- i månaden i skulepengar, samt kr 7-8000,- i året i materiellutgifter. Utdanninga gjev rett til lån og stipend hjå Lånekassen.

 

Ofte stilte spørsmål
Kor mykje får eg vera på verkstaden? Det er 35 skuletimar pr. veke.
Kor mange er det i klassa? Det er plass til maksimum 15 elevar på kvar linje.
Kvar kan eg bu? Hyblar og leilegheiter kan leigast rimeleg på skulen og i område rundt skulen.

Søknad

Du søker direkte til Handverksskolen på eige søknadsskjema. Skjemaet finn du her. Du kan sende skjemaet til oss i posten til Handverksskolen, Hjerleid, 2662 Dovre eller via e-post: post@hjerleid.no  Søknadsfrist er 1. mars, men vi har fortløpande opptak fram til skulestart, så det er mogleg å søke seinare og.

Jeg ville bli smed siden jeg var liten da jeg så at pappa smidde. Jeg syntes det var kult. Senere ble jeg veldig interessert i stål og metaller og bestemte meg for å satse på smedyrket. Det er et fint og nyttig yrke/utdanning og du får masse kunnskap om det å forme og arbeide med stål og metaller. Smed er et yrke som det ikke er så mange som har, og det inneholder masse kunnskap som ikke må glemmes. Når jeg er ferdig på Hjerleid så håper jeg på lærlingplass eller gå mer skole i faget.
 
Niklas Moen Bjerkenholt,
17 år fra Gåsbakken i Sør-Trøndelag

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID