Vi treng fleire kloke hender

informasjon om fagseminar på Hjerleid
Laurdag 10.juni 2017 kl. 10–17.30
 
Målgruppe: alle som eig, arbeidar med eller har interesse for gamle hus. Seminaret arrangerast som ein del av Hjerleidutstillinga Kloke hender 2017. Foreningen Fredet, Fortidsminneforeningen og handverksbedriftar i Nord-Gudbrandsdalen er spesielt inviterte, men seminaret er ope for alle!
Program
Kl. 10.00: Velkomen og presentasjon av programmet.
Kl. 10.15: Fekk vi klokare hender? Ein oppsummering av kursrekka som bedrifter i Norddalen har del- teke på frå okt. 2015 til mai 2017. Ein biletframsyning og innlegg frå deltakarar og arrangørar.
Kl. 11.00: Kvar skulle eg finne kloke hender? Sjur Harby fortel om korleis han som plutseleg eigar av eit gamalt hus strevde med å finne fram til rette handverkarar, rette råd, rett materiale etc.
Kl. 12.00: Befaring med lunsjpakke til Angardslien; eit lite, verneverdig tun som stod tomt i 30 år. No bur Helle Hundevadt med familie der.
Kl. 13.30: «Å forvalte kulturverdiar»: Innleiing ved Jon Bojer Godal (sjå programmet til Fredet)
 
Kl. 14.30: «Eigarkunnskap og bestillarkompetanse»: Sjur Harby fortel kva ein eigar av eit freda hus må vite og kunne. (sjå programmet til Fredet).
Kl. 15.30: Fruktpause og omvisning på Hjerleid med kurs, elevutstillinga m.m., ved rektor Helle Hundevadt. Kl. 16.30: Avreise til Bygningshistorisk park (4 km); omvisning ved Steinar Moldal. Servering av bålkaffe, Dovreost og kakuskive. Avslutning seinast kl. 18.00.
 
Sjå tilbod om middag på kvelden på Toftemo Turiststasjon, overnatting og programmet elles for sundag 11. juni. Pris: kr. 400,-, inkludert lunsj og annan traktering. Påmelding til: post@hjerleid.no eller tlf. 93 28 19 30

Hjerleid

Jøndalsvegen 3 B, 2662 Dovre
Tlf. (+47) 61 24 05 51 / (+47) 932 81 930
post@hjerleid.no

© HJERLEID