Kurs i materialkvalitet og virkesutnytting: 2. - 4. november 2023
Stad: Dovre Handverksenter, Hjerleid, Jøndalsvegen 3B, 2662 Dovre (Like ved Dovre stasjon)
Tidsrom: Torsdag 2. nov kl. 18.00 - laurdag 4. nov kl. 13.00
Kursleiar: Steinar Moldal
Overnatting: Rom på Toftemo Turiststasjon, Dovre (Ring 61 24 00 45 eller send e-post på post@toftemo.no for bestilling)
Deltakartal: Max. 15 deltakarar
Torsdag 2. november:
Frammøte på Hjerleid Handverkskole
Kl. 18.00 Velkomen og registrering - informasjon om kurset.
Kl. 18.30 Teori om skog-, tre- og materialkvalitet
Kl. 20.30 Middag på Toftemo Turiststasjon
Overnatting på Toftemo Turiststasjon. Her blir det også servert frukost og middag og høve til å smøre niste.
Fredag: 3. november
Kl. 09.00 Kursstart
Vi blir i skogen og på sagbruket heile dagen - ta med niste - vi ordnar svartkjel.
Økt 1: Vi vurderer materialkvalitet på ståande skog, for deretter å felle nokon tre og køyre stokkane til sagbruket. Vi brukar øks og svans i arbeidet. Sagbruket er på Hjerleid Handverksskole.
Økt 2: Vi deler stokkane, brukar ulike skurmønstre og diskuterer materialkvalitet. Korleis kan vi utnytte stokkane og kvaliteten på ein best mogleg måte?
Kl. 17.00 Vi serverer pizza på skulen og har sosialt i lag med elevane på Handverksskulen.
Overnatting på Toftemo Turiststasjon
Laurdag 4. november
Kl. 09.00 Kurset fortsetter med materialkvalitet, skurmønster og materialkvalitet. Vi vil også lære om tørking og stabling. Vi avsluttar kurset til kl. 13.
Kursinnhald: Kurset vil vere nyttig for alle som er opptekne av materialkvalitet. Deltakarane vil få ei god innføring i korleis ein kan vurdere materialkvalitet på ståande skog. Korleis stokken bør sagast for å utnytte den best mogleg, ulike skurmønstre og kva den ferdige materialen er best eigna til.
Ta med: Øks, målband, tømmersaks, barkespade og svans, om du har. Vi blir aller mest utandørs så ta med gode kle og sko.
Påmelding til: Norsk Bygdesagforening: admin@sag.no mobil: 918 86 113
Påmeldingsfrist: 20. oktober
Prisar: Kr. 3.000 for medlemmar og kr. 4.000 for ikkje-medlemmar. Medlemmar i Norsk Bygdesagforening si ungdomsgruppe får dekka kursavgifta av foreininga, men kostar sjølv overnatting og måltid.
Bestilling av overnatting på Toftemo Turiststasjon ordnar kvar enkelt deltakar sjølv. Husk å bestille direkte og opplys om at du skal delta på kurset, så får du 10% rabatt. Det er kun rom (ikkje hytte eller anneks) som er tilgjengeleg i dette tidsrommet. Kontaktinformasjon til Toftemo Turiststasjon: Ring 61 24 00 45 eller send e-post på post@toftemo.no for bestilling (www.toftemo.no)
Norsk Bygdesagforening sender faktura på kursavgifta etter gjennomført kurs.
Kvar enkelt betalar for opphald og måltid på Toftemo Turiststasjon før avreise på laurdagen.
Arr: Norsk bygdesagforening i samarbeid med Hjerleid